Eventyrleg, sommarutstillinga i Seljord 2011

Seljord kunstforening arrangerer sommarutstilling for 44. gong. Utstillinga i år syner verk av tilsaman ti norske samtidskunstnarar. Desse er: Johannes Høye, Philipp Dommen, Eva Scølberg, Oddleiv Apneseth, Kjell Erik Killi Olsen, Anna Talbot, Anita Killi, Arve Rønning og Helge Hansen. Me vil også vise to temautstillingar under sommarutstillinga: “Himmelrikets blomster” gror viser 25 monotypiar av Borgny Svalastog. Kunstnaren har teke utgangspunkt i M. B. Landstad sine tekstar og utstillinga er eit samarbeid med Nasjonalt Landstadsenter. Det vert også vist ei stor bunadsutstilling der Marit Bergland Rysstad, Ingrid Dillekås Adelsøn og og Liv Berit Kaasa har rekonstruert ei rekke bunader og folkedrakter frå Telemark.
Eit gjennomgangstema for utstillinga er det eventyrlege. Her vert det mykje å fabulere over og me kan love publikum ei flott og mangfaldig utstilling! Me viser måleri, grafikk, skulptur, foto, smykke, installasjon og tekstil innanfor samtidskunst og tradisjonshandverk.
Seljord kunstforening held til i Kunstlåven som har over 1000m² med utstillingsplass fordelt på fire høgder.
Utstillingsopning er onsdag 29. juni kl 16.00. Det vert opningstale, presentasjon av kunstnarane, musikkinnslag og matservering. Inngang til opninga kostar kr 150,- (inkl.mat). Sommarutstillinga opnar same dag som eit anna stort kulturarrangement i Seljord, Landskappleiken 2011. Opningskonserten på Dyrskuplassen er kl 20.00. Det går an å få med seg mykje kultur i Seljord denne junikvelden!
Første etasje har fritt tilgjenge med kafé og galleributikk med sal av kunst og handverk.
Utstillinga held opent kvar dag kl 11-18 i perioden 30.juni til 31. juli. I august er utstillinga open for omvising etter avtale. Billett til utstillinga kostar kr 60, born og medlemmer gratis.
Velkomen innom den eventyrlege Kunstlåven i sommar!
Meir informasjon om Sommarutstillinga vert lagt ut etterkvart på www.seljordkunstforening.no

Brudepar frå Aust-Telemark

“Fjord”, Borgny Svalastog

“Det var en gang”, Philipp Dommen

Vist 1305 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Dette blir nok en fin utstilling, men åpning onsdag 29. juli og varer til 31.juli; hm….

Annonse

Nye bilder