Nye bilder

Eventyrleg, sommarutstillinga i Seljord 2011

Seljord kunstforening arrangerer sommarutstilling for 44. gong. Utstillinga i år syner verk av tilsaman ti norske samtidskunstnarar. Desse er: Johannes Høye, Philipp Dommen, Eva Scølberg, Oddleiv Apneseth, Kjell Erik Killi Olsen, Anna Talbot, Anita Killi, Arve Rønning og Helge Hansen. Me vil også vise to temautstillingar under sommarutstillinga: “Himmelrikets blomster” gror viser 25 monotypiar av Borgny Svalastog. Kunstnaren har teke utgangspunkt i M. B. Landstad sine tekstar og utstillinga er eit samarbeid med Nasjonalt Landstadsenter. Det vert også vist ei stor bunadsutstilling der Marit Bergland Rysstad, Ingrid Dillekås Adelsøn og og Liv Berit Kaasa har rekonstruert ei rekke bunader og folkedrakter frå Telemark.

Sandsdalen-kveld i Kunstlåven

12. januar er det 100 år sidan Halvor J. Sandsdalen vart fødd. Me vil markere dagen med film, diktlesing, musikkinnslag og forteljing. Det vert sal av kake og kaffi og utlodding. arrangørar er ungdomsbedrifta Filmsnurr og Arbeidsgruppa for HJS-jubileum 2011. Gratis inngang. Alle er hjarteleg velkomne til ein hyggeleg kveld i Kunstlåven onsdag 12. kl 19.00!

Joleutstilling i Kunstlåven

04.desember-12.desember 2010

Grafikk av Giske Sigmundstad, Terje Grøstad, Lasse Kolsrud, Gunnhild Vegge og Steinar Klasbu.

Utstilling i Dalanskulen på Dyrskuplassen 27.-28. november

Seljord kunstforening har også i år utstilling i det gamle skulehuset under Jolemarknaden. Her finn du grafikk av Giske Sigmundstad, Steinar Klasbu og Terje Grøstad. Det vert og handverk, kunsthadverk og bøker å få kaupt. Annlaug Auestad viser digitale trykk frå den populære barneboka Kuveninnene. Annlaug, som er både forfattar og illustratør av boka, vil vera til stades og halde forteljarstund for born laurdag kl 15.00 og søndag kl 13.00. Borgny Tøfte vil fortelje for borna laurdag kl 13.00 og søndag kl 15.00.

Forteljarstunda er eit samarbeid mellom Seljord mållag, Seljord bibliotek og Seljord kunstforening. Tiltaket er støtta av Fritt Ord, Norsk kulturråd og Seljord sparebank .

Sogevandringar hausten 2010

Seljord filmklubb

Seljord Filmklubb har filmvisningar i Kunstlåven to onsdagar i månaden kl.19. Filmklubben er oppteken av å vise eit mangfald av film frå heile verda og å kunne vera eit tilbod til filmelskarar i alle aldrar!

HAUSTPROGRAMMET 2010

Separatutstilling med Steinar Klasbu

Laurdag 9.oktober kl.12 opnar Seljord kunstforening ny separatutstilling med Steinar Klasbu. Klasbu er busatt på Notodden og arbeider hovudsakleg med grafikk og måleri.

Velkomen!

Omvising Into the Landscape

Hausten 2009 vart det bygd tre temporære arkitekturinstallasjonar rundt Seljordsvatnet. Desse står no som utkikkspunkt mot den vakre naturen rundt vatnet.

Vi tilbyr omvising til alle tre installasjonane. Turen inkluderer reise med buss og matpakke. Dei to omvisarane våre vil gje deg ei oppleving – Inn i Landskapet – der lokale sjøormsoger vert knytte opp mot moderne arkitekturinstallasjonar.

Sommarutstillinga 2010

KUNSTNARANE

Påskeverkstad

Laurdag 27.mars kl.13-16 inviterer Seljord Kunstforening til påskeverkstad for store og små!

Kurs i enkel bokbinding

Laurdag 20. mars arrangerer Seljord kunstforening kurs i enkel bokbinding i Kunstlåven i Seljord. Tema for kurset er å lage ei stjernebok. Denne innbindinga eignar seg m.a. til album og er svært dekorativ. Lærar er Else Ljungstrøm som er utdanna formingslærar og har arbeidd som papirmakar i mange år. Ho har og lang erfaring innan bokbinding. Kursavgifta er kr 800 som inkluderer undervising, materiell og lunsj. Påmelding til info@seljordkunstforening.no innan 15. mars.

Opningstider i Kunstlåven

Kunstlåven held stengd i januar, men opnar att onsdag 3.februar. Då vil det være open galleributikk og kafé kvar onsdag kl.12-19 og torsdag kl.12-17 fram til sommaren. Kontakt oss på tlf. 950 52 432 eller epost: info@seljordkunstforening.no

Utstilling 10/04 - 8/5: "Hommage á Iver Jåks"

For å hylle og minnast biletkunstnaren Iver Jåks (1932–2007) arrangerer Nordnorsk kunstnersenter, RiddoDuottarMuseat (tidl. De Samiske Samlinger), Samisk kunstnersenter og Saviomuseet utstillinga “Hommage à Iver Jåks”, som skal turnere fleire stader i Norge. Den 10.april kjem utstillinga til Seljord Kunstforening.

Utstillinga tek utgangspunkt i Jåks småskulptur, som kanskje er det mest særeigne, fascinerande og allment kjente i hans kunstnarskåp. Jåks kunst rører ved ei lang rekke tema og problemstillingar, som bl.a. forhold mellom urfolk og storsamfunn, samisk og norsk, tradisjon og modernitet.

Studiesirkel i Kunsthistorie

Onsdag 17. februar startar me opp med studiesirkel i kunsthistorie. Det er satt opp fire onsdagar fram til påske; 17.februar, 3.mars, 10. mars og 17.mars i Kunstlåven kl.18-20.

Karete Roksvåg leier sirkelen og har satt opp program m/pensum frå boka ”Norsk kunsthistorie” (2009) av Gunnar Danbolt. Formålet med studiesirkelen er å diskutere og utveksle synspunkt og erfaringar omkring dei oppsatte temaene, og slik bli litt klokare på eit komplekst og spanande fag!

Sogevandringar

Program for vinteren 2010

Torsdag 4. februar startar me opp med nye sogevandringar. Første vandring går til Utgarden, deretter til Hegnin den 18. februar, Glosimot den 4. mars og til Meås den 18. mars. Oppstart frå Kunstlåven kl.10. Open kafé etterpå.

Lucia i låven

Seljord kunstforening inviterer til familiedag i Kunstlåven på Luciadagen 13. desember. Det blir joleverkstad, eventyrstund og sal av lussekattar m.m. i kafeen. Joleutstillinga og galleributikken er opne. Arangementet varer frå kl 14-17, joleverkstad kl 14-16 og eventyrstund frå kl 16. Materialutgifter til joleverkstaden er kr 60,- pr unge.

Alle aldersgrupper er hjarteleg velkomne!

Joleutstilling i Kunstlåven

Seljord kunstforening opnar joleutstilling 3. desember. Her finn du grafikk av mellom andre Eli Hovdenak, Ingri Egeberg, Åse Anda, Beate Strindberg. Prisane ligg frå kr 600 – 5000. Utstillinga er open onsdagar 12-17, torsdagar 12-19 og laurdagar 10-14 og står fram til og med 19. desember. Galleributikken har stort utval av kunsthandverk og handverk. Desemberkafeen er open i utstillingsperioden.

Velkomen til Kunstlåven i førjulstida!

Dukutstilling

Seljord husflidslag og Seljord kunstforening viser ei temautstilling om dukar med fokus på broderte joledukar av ulike slag. Du kan sjå eldre og nyare dukar på utstillinga i Kunstlåven. Dukane er utlånte frå privatpersonar og det er mange interessante broderiteknikkar å studere her. Mange arbeidstimar og stor kunnskap ligg bak bordpryden. På utstillinga viser me og ei lita samling med mangletre.

Utstillinga er open onsdag 12-17, torsdag 12-19 og laurdag 10-14 og står fram til og med 12. desember. I Kunstlåven finn du og Seljord kunstforening si joleutstilling, galleributikk og desemberkafé.

Duk rull deg ut

Seljord kunstforening og Nasjonalt Landstadsenter har fått ei gamal steinrulle for rulling av tekstilar. Rulla er frå 1800-talet og har tilhøyrt Landstadfamilien. I seinare tid har Torje Linstøl hatt rulla i si eige. Han har gjeve steinrulla til Nasjonalt Landstadsenter og Seljord kunstforening i håp om at vi kan gjera oss nytte av henne.

Funkle-kveld i Seljord kunstforening

Designgruppa Funkle kjem til Kunstlåven i Seljord onsdag 18. november kl 19.00. Dei vil ta oss med inn i “Funkle-verden” og fortelje om vegen frå idé til ferdige produkt. Denne kvelden vil låven vera fylt med flotte puter og pledd i ulike fargar og kvaliteter. Det er 30% på alle Funkle-varer heile dagen så gjer unna julehandelen no!

Velkomen til ein spennande kveld.

Gunnar Danbolt på Seljord hotell

Professor i kunsthistorie Gunnar Danbolt kjem til Seljord hotell torsdag 12. november kl 19.00 for å snakke om ulike emne frå norsk kunsthistorie. Det er og høve til å kjøpe bøker. Inngang kr 100,-. Kaffe og kake kr 50,- .

Haustprogram i Seljord kunstforening

Som de ser under har me eit aktivt program framover. Velkomen innom oss i Kunstlåven!

Utstillingar:

Sogevandring med Seljord kunstforening og Seljord sogelag

Seljord sogelag og Seljord kunstforening vil arrangere fire sogevandringar i haust. Den fyrste går til Nutheim der Ellen Grøstad Barstad vil vera med som forteljar. Dei andre vandringane går til Kvennhusjuvet og Grovegryta i Åsheimgrendi, Telnesøyan der me går ut til det nybygde utkikkspunktet og Satajuvet i Krokan. Me håpar mange har lyst og høve til å vera med på vandringane.

Frammøte ved Kunstlåven kl 10.00 for felles avreise

Seljord Kunstforening

Følges av 17 medlemmer.

Kunstlåven er Seljord Kunstforening sin særprega utstillingsstad i Seljord sentrum. Kvar sommar er det her utstilling av samtidskunst i 4 etasjar. Vi har også utstillingar og annan aktivitet gjennom året. Seljord kunstforening håpar å vera ein møteplass for eit breitt publikum. Mer om sonen

Origo Seljord Kunstforening er en sone på Origo. Les mer
Annonse